Vil du ha ein kreativ sommarjobb i eit unikt kulturmiljø? Vi ser etter deg mellom 17-26 år som vil prøve deg som vert og formidlar, ynskjer å bli betre kjend med diktaren Jakob Sande, og som kan løyse praktiske oppgåver. Søk sommarjobb hos oss i Jakob Sande - senter for forteljekunst!
Sandesenteret ligg i barndomsheimen til forfattar og forteljar Jakob Sande, i Klokkargarden i Fjaler. Vi har eit rikt kulturtilbod i sommarmånadane, og søker etter sommarvertar.
Senteret held ope kvar dag, unnateke måndagar, og leitar no etter ungdom, studentar eller unge vaksne som kan drifte mange av oppgåvene i senteret i sommarsesongen.
Sandesenteret vil tilsette unge over 17 år i sommarjobb i perioden 18. juni - 16 august 2026. Søkarar som har høve til å arbeide under akademi og Fest i Fjaler (12.-16. august) vert prioritert.
Du vil få opplæring i munnlege forteljeteknikkar og opplæring i formidlingsløyper om Jakob Sande og Nikka Vonen og kulturhistorie i Fjaler.
I søknaden skriv du kort om deg sjølv og dine interesser, samt kva for veker du kan arbeide i sommar. Søknad sendast via skjemaet under. Søknadsfrist 5.mai!
Om du vil ha meir informasjon om stillingane kan du ringe 9765 09 66 eller sende ein e-post til rakel@jakobsande.no.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.