Omgrepet «danning» har eksistert i fleire hundre år og har stadig provosert fram nye og motstridande svar på kva det vil seie å vere eit fullkome menneske. Vi finn ideen om danning i kulturen og politikken verda over, inkludert her i Noreg, der både lovverket og læreplanen slår fast at den norske befolkninga skal dannast. Kva betyr eigentleg danning, og kvifor bryr vi oss? Ver med Pedro i hans filosofiske utforsking av danningomgrepet si historie og korleis det bør forståast i dagens moderne demokrati.
Foto: Christiane Huseklepp
Pedro Vincent Dias Bergheim er årets akademi-filosof. Pedro er stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen (UiB), tilknytt Institutt for pedagogikk. Han har ein Erasmus Mundus-mastergrad i filosofi frå Universitetet i Toulouse (Frankrike), Universitetet i São Carlos (Brasil) og Universitetet i Coimbra (Portugal). I tillegg er han utdanna lektor i filosofi og fransk.
Bergheim er også filosofisk praktikar og tilbyr individuelle samtalar og gruppedialogar på norsk, engelsk, portugisisk og fransk. Han er spesielt opptatt av samspelet mellom individet og omverda, og korleis dette påverkar personleg utvikling.
I september 2024 deltok han som ein av seks ph.d.-kandidatar frå UiB i Forsker Grand Prix, ein nasjonal konkurranse i forskingsformidling.
Ord for dagen er ope for alle.
Ord for dagen i Grønnestuen på Steia Gard.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.