Om Jakob Sande - senter for forteljekunst

Foto: David Zadig

Jakob Sande – senter for forteljekunst skal:

- vere eit nasjonalt senter med fagmiljø innom munnleg og skriftleg forteljekunst.

- skape samarbeid mellom folk og miljø som har forteljing som kjerne i verksemda si.

- få fram nye forteljingar og røyster

- i dette perspektivet forvalte, forske i og formidle arven etter diktaren Jakob Sande. 

Sandesenteret skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og jobbar for at folk på tvers av bakgrunnar og generasjonar skal finne fram til sitt språk og uttrykk. Senteret forvaltar ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg. 

Gjennom den faglege satstinga "Då Daniel drog", arbeider senteret med å bygge opp eit nasjonalt fagmiljø for skriftleg og munnleg forteljekunst. Vi har eit breitt tilbod for publikum, erfarne og nye skrivande og skapande, for barn og ungdom, og for næringsliv og kulturliv. 

Hos oss kan du mellom anna:

  • søkje opphald i diktarresidensen i barndomsheimen til Jakob Sande
  • delta på kurs og akademi og utvikle evnene dine innom munnleg og skriftleg forteljekunst
  • oppleve forteljekunsten under Fest i Fjaler
  • besøke bokhandelen og krambua i Gamle skulehuset
  • lære om Jakob Sande sitt liv og dikting i museet i Bestefarstaua eller på omvising i Klokkargarden. Du kan også få omvising i Nikka Vonens fotspor.
  • få skreddarsydde opplegg for barnehagar, skuleelevar eller studentar
  • lese Tidsskriftet Jaja om og med forteljekunst
  • delta på det tradisjonsrike og faglege Sandeseminaret

I tillegg har vi produksjonar, utstillingar, komposisjonar og samarbeid med ei rekke miljø med forteljing som kjerne i verksemda si. 

Skriftleg og munnleg forteljekunst

Verksemda til senteret omfattar både den munnlege og skriftlege forteljekunsten: 1) den litterære forteljekunsten som er nedfelt i litteraturen, og 2) den munnlege forteljekunsten som får eit munnleg uttrykk i ein formidlingssituasjon «der og då». 

Desse to forteljekunstformene har forskjellige kjenneteikn og former, og forskjellig kontekstuell og sosial funksjon, men dei byggjer i all hovudsak på det same grunnlaget: den «folkelege» forteljetradisjon. 

Historia

Jakob Sande - senter for forteljekunst opna i august 2020, med formål om å forvalte og forske i arven etter forfattar Jakob Sande, bygge opp fagmiljø for forteljekunst nasjonalt og arbeide for å få fram eit mangfald av nye røyster. 

Senteret bygger på det mangeårige arbeidet til Jakob Sande-selskapet, ein frivillig organisasjon som sidan 1991 har arbeidd for å ta vare på og fremje Sande si dikting. Senteret byggjer òg på ambisjonar frå lokale, regionale og nasjonale politikarar om å etablere det første nasjonale senteret for forteljekunst. 

Senteret ligg i barndomsheimen til den folkekjære diktaren Jakob Sande, i Klokkargarden i Fjaler, men har nasjonalt og til dels også internasjonalt verkeområde.

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli, 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli, 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli, 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.