Korleis sikrar du at bodskapen din treff når du presenterer i eit møte eller held eit viktig innlegg? I dagens konkurranseprega næringsliv er evna til å formidle idear på ein klar, engasjerande og overbevisande måte avgjerande. Dette kurset gir deg konkrete verktøy for å bygge sterke argument, strukturere bodskapen din og presentere med sjølvtillit – slik at du får gjennomslag når det verkeleg gjeld.
Foto: Grim Fimland Moberg
Torsdag 19. juni: Skriveteknikk
Lær kunsten å skrive klare og overtydande tekstar. Irene fortel og deler sine beste råd for å bygge opp argument og tankerekkjer på ein effektiv og engasjerande måte.
Fredag 20. juni: Presentasjonsteknikk
Utforsk kva det vil seie å presentere synspunkt og idear på ein overtydande og tydeleg måte. Gjennom praktiske øvingar og nyttige råd vil du få verktøy for å bli ein meir medviten og trygg talar.
Irene Kinunda Afriyie er ein erfaren samfunnsdebattant, føredragshaldar og forfattar. Ho er kjend for sin nyanserte og varme stil, og fekk i 2023 journalist Sjur Holsens minnepris for sitt arbeid med formidling. I boka Eg er fordi du er – forteljingar om mitt Noreg deler ho humoristiske og tankevekkande innsikter om integrering og norsk kultur. Irene var ein del av Fest i Fjaler- programmet i 2024, der ho fortalde og las under Augustikveld i Trudvang. No inviterer vi ho tilbake for å halde kurs.
Stad: Jakob Sande - tunet og Steia Gard
Tid: Torsdag 19. juni (skriving) og fredag 20. juni (munnleg formidling)
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.