Ønskediktet // Ein kveld med dikt som rører oss

Bli med på ein kveld i Løa under Forteljekunstakademiet, der vi deler favorittdikt – med særleg vekt på Jakob Sande sine verk. Inspirert av Hartvig Kirans NRK-program Ønskediktet, hyllar vi dikt som betyr noko for oss. Ta med ditt favorittdikt, eller kom for å lytte og bli inspirert. Alle er velkomne!

19. juni, 20:00

På Forteljekunstakademiet inviterer vi til ein kveld i Løa der folk kan dele sine favorittdikt, med særleg vekt på Jakob Sande sine verk. 

Kvelden hentar inspirasjon frå NRK-programmet Ønskediktet, initiert av lyrikar og kringkastingsmannen Hartvig Kiran, som leia programmet frå 1962 til 1978. Kiran skreiv eit dikt til ære for Jakob Sande etter hans død, som er med i Dikt i samling. Under Kiran si leiing blei Ønskediktet eit populært program der folk frå heile landet kunne sende inn sine favorittdikt, som blei lest opp på lufta.

Om du har eit dikt som har betydd noko for deg – alvorleg, morosamt, gammalt eller nytt – er dette kvelden for å dele det med andre. Kanskje ditt favorittdikt blir lese opp av ein av deltakarane, eller kanskje du tek sjansen og les sjølv? DU er uansett hjarteleg velkomen i Løa denne kvelden. 

Kvelden vert innleia av Sandra Edvardsen og Kristine Hagensen, som les dikt frå den heilt ferske samlinga "Og naustet skal stå stille i hundre år tell". Eit prosjekt kalla NORD, leia av Jane Kelly ved den Mangfaldige scenen. 

Gratis inngong. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.