Utdeling av Samlagsprisen

Samlagsprisen er ein årleg pris som Litteraturselskapet Det Norske Samlaget deler ut til ein forfattar som skriv på nynorsk. Sandesenteret er også i år arena for utdelinga av prisen.

25. september, 18:00

Samlagsprisen er ein årleg pris som Litteraturselskapet Det Norske Samlaget deler ut til ein forfattar som skriv på nynorsk, uavhengig av forlag og utan krav til å ha gitt ut ny litteratur dei siste åra. Prisen er på kr 50 000. 

Tidlegare vinnarar av prisen:

2024 Halvor Folgerø (sakprosa)

2023 Brynjulf Jung Tjønn (skjønnlitteratur)
2022 Alfred Fidjestøl (sakprosa)
2021 Aina Basso (skjønnlitteratur)
2020 Katrine Sele (sakprosa)
2019 Marit Eikemo (skjønnlitteratur)
2018 Astrid Sverresdotter Dypvik (sakprosa) 

 

Prisutdelinga vil bli etterfulgt av samtale med prisvinnar leia av Ingvild Bræin.

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.