Frisk morgon med styrkeøkt og fjordbad

Start dagen med ei energisk og oppfriskande økt i badevika saman med Ingvild Espedal. Programmet inneheld ei kort styrkeøkt for å aktivere kroppen, etterfulgt av eit forfriskande morgonbad som løyser opp musklane og gir ein energisk start på dagen.

20. juni 08:00

Bli med på ein energisk start på dagen! 

Programmet byrjar med ei kort styrkeøkt, der du får jobbe med enkle og effektive øvingar for å vekkje kroppen. Økta er tilpassa alle nivå og gir både styrke og mobilitet. Etter styrkeøkta vert det eit forfriskande morgonbad i fjorden - den perfekte måten å løyse opp i musklane og få ein energisk start på dagen. 

Ingvild Espedal er personleg trenar og kosthaldsrettleiar, og driv firmaet Samspel. Ho tilbyr tilpassa trening og kosthaldsrettleiing, både fysisk og digitalt, med fokus på variert aktivitet og integrering av trening i kvardagen. Ingvild tilpassar treningsopplegga etter kundens livsstil og mål, og jobbar med ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå. Ho brenn for å gjere trening tilgjengeleg for alle, uavhengig av stad og forhold.

Programmet er ein del av Forteljekunstakademiet 2025.

Etter morgontrim og bad kan du gå vidare til Ord for dagen ved Gunnstein Akselberg i Gamle skulehuset, før det vert ulike kurs. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

21. mars 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

8. april 19:00

Lansering av Grasboka

Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møte Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.

10. april 19:30

Allsong i Løa

Velkomen til ein kveld fylt med musikk, fellesskap og god stemning i Løa. Ta med songgleda og bli med!

Kalender

Kva skjer hos oss?

21. mars 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

8. april 19:00

Lansering av Grasboka

Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møte Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.

10. april 19:30

Allsong i Løa

Velkomen til ein kveld fylt med musikk, fellesskap og god stemning i Løa. Ta med songgleda og bli med!