Filosofisk kafè

Velkomen til filosofisk kafé fredag 20. juni kl. 13! Årets akademi-filosof, Pedro Vincent Dias Bergheim, leier oss gjennom ein filosofisk kafè med tema "Sinnsro". Her får du høve til, i samspel med fleire, å stoppe opp, tenkje grundigare og utforske kva det vil seie å skape rom for ro og ettertanke i ein travel kvardag.

20.
juni
13:00

Ein filosofisk kafé er ein møteplass der menneske samlast for å samtale om store og små spørsmål i livet. Konseptet vart utvikla i Paris i 1987 av filosofen Marc Sautet, som arrangerte dei første samlingane på Café des Phares. Målet var ikkje å komme fram til eit endeleg svar til ei problemstilling, men snarare å utforske tankar og idear i eit ope og inkluderande fellesskap. 

Ein filosofisk kafè er open for alle, uavhengig av bakgrunn eller erfaring. Samtalane blir leia av ein moderator som hjelp deltakarane halde fokus og gå i djupna på emnet. Emnet kan variere frå etiske dilemma til dagleglivets utfordringar, som deltakarane blri inviterte til å dele sine perspektiv på. Det handlar om å skape rom for refleksjon – ein stad der ein kan stoppe opp, tenkje grundigare og kan hende sjå verda frå nye vinklar.

Under lunsjen Gode smakar frå Leonards Forlaavelse fredag 20. juni kl. 13 vil Pedro Vincent Dias Bergheim halde ein filosofisk kafè der han vil leie deltakarane gjennom temaet sinnsro. Kva kan vi vinne ved å gi oss sjølve tid til å tenkje? Og kva krevst eigentleg for å kunne filosofere i dagens samfunn, der alt går så fort? Når har ei ledig stund, går kan hende ikkje tankane til djupare refleksjon, men direkte til skjermen i handa. Å finne og skape tid til å filosofere handlar ikkje om å gjere ingenting, men om å skape eit rom der vi kan følgje tankane og reflektere over noko på ein grundig, roleg og ofte målretta måte.

Pedro er stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen (UiB), tilknytt Institutt for pedagogikk. Han har ein Erasmus Mundus-mastergrad i filosofi frå Universitetet i Toulouse (Frankrike), Universitetet i São Carlos (Brasil) og Universitetet i Coimbra (Portugal). I tillegg er han utdanna lektor i filosofi og fransk. Pedro er årets akademi-filosof i Fjaler!

Temaet for den filosofiske kafeen Sinnsro hentar inspirasjon frå Jon Fosse sitt dikt Snøsong

Snøsong

Det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjartet blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finst ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som driv forbi

Det er gratis inngong og høve til å kjøpe seg lunsjen frå Leonards Forlaavelse. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

20.
juni
08:00

Frisk morgon med styrkeøkt og fjordbad

Start dagen med ei energisk og oppfriskande økt i badevika saman med Ingvild Espedal. Programmet inneheld ei kort styrkeøkt for å aktivere kroppen, etterfulgt av eit forfriskande morgonbad som løyser opp musklane og gir ein energisk start på dagen.

20.
juni
09:00

Ord for dagen ved Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg set stemning og retning for dagen i Gamle skulehuset med «Gå som guten – Ord for dagen». Han fortel om Jakob Sande, forteljekunsten sin betydning, og kvifor det første nasjonale senter for forteljekunst ligg i Dale. Gunnstein Akselberg er professor emeritus i nordisk språk ved UiB, namnegranskar og kjend frå Linda Eides språksjov på NRK. Han har vore sentral i oppbygginga av Jakob Sande – senter for forteljekunst og er ein sjølvsagt gjest under Forteljekunstakademiet.

20.
juni
10:00 – 13:00

Kurs i improvisasjon – å finne historia her og no

Kurs i improvisasjon med Veslemøy Mørkrid. Kurset handlar om å finne historia her og no. Deltakarane vil lære teknikkar som handlar om å vere komfortabel med å feile, ta konkrete val, seie ja og byggje vidare på vala ein har tatt. Kursdeltakarane vil også få arbeide med enkle dramaturgiske strukturar for å skape ei heilskapleg forteljing i augneblinken.