Bålet har vore den viktigaste samlingsplassen gjennom heile mennesket si historie. Var du klar over at både hjernen og døgnrytmen vår har tilpassa seg elden, og at dette heng saman med trongen vår til å dele historier? Og visste du at dagens eldsritual, som å tenne julelys eller jonsokbål, har røter heilt tilbake til bronsealderen?
Frå den gongen folk samla seg rundt leirbålet til vår digitale tidsalder, har forteljekunsten vore ein gjennomgripande del av liva våre. Forteljing er grunnleggande for alle menneske, sektorar og samfunn, og ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg. Demian held føredrag om mennesket sitt forhold til elden, og kvifor den er så viktig for forteljekunsten.
Etter føredraget vert det tradisjonell jonsokfeiring i Klokkargarden.
Demian Vitanza (f. 1983) er forfattar og dramatikar. Han debuterte i 2011 med den kritikarroste romanen urak og har sidan gitt ut romanane Sub rosa (2014) og Dette livet eller det neste (2017) samt skodespela Londinium (2012) og Tyngde (2018). Vitanza har mange års erfaring med både skrivekurs og føredrag, særleg for ungdomsskular og vidaregåande skular, men også for barnehagar, fengsel og vaksne.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møte Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.
Velkomen til ein kveld fylt med musikk, fellesskap og god stemning i Løa. Ta med songgleda og bli med!