Internasjonal fabeldag i tunet med Luethi-Peterson-leiren (LPC) på Heggnes

Velkomen til Internasjonal fabeldag med LPC! Ungdom frå heile verda bur denne sommaren saman på Heggnes og utforskar natur, kultur og kreativitet. No inviterer dei til ei fargerik framsyning med dans og musikk i Jakob Sande-tunet.

9. august, 13:00 – 14:00

På LPC-leiren på Heggnes bur det i sommar ungdom i alderen 14–17 år frå ulike nasjonalitetar. Der bur dei på ein gard frå århundreskiftet, som har vore brukt til leirstad sidan 1980-åra. Under leirtida utforskar dei skogen omkring og livet i fjorden, lagar mat, syng, dansar og lærer om kulturane til kvarandre. Under Fest i Fjaler vil dei dele litt av det dei har skapt saman dei siste vekene.

Kva er LPC-organisasjonen?

LPC er ein ideell organisasjon med verdiar som enkel levestandard og internasjonal forståing. Dei driv sommarleirar for unge menneske av ulik nasjonalitet, rase og religiøs bakgrunn og bur saman i ein periode på fire veker og byggjer eit variert og livleg samfunn. Desse erfaringene fremjer engasjement, sjølvstendig tenking, sjølvtillit og ansvarskjensle for ei heilskapleg verd.

Det er gratis å kome.

Det vert open kafé, og etter framsyninga ved LPC kan du bli med vidare i Fest i Fjaler-programmet. 

Foto i hendinga frå eit tidlegare års leirdeltakarar og leiarar på Heggnes. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober, 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober, 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober, 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.