Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen. Sommarvertane held omvising tysdag - fredag kl. 13 frå 24. juni til 5. august.
Våre sommarvertar held omvising i Jakob Sandes fotspor kl. 13 tysdag - fredag gjennom heile sommarsesongen (24.06.-05.08).
Ein kan velje mellom desse omvisingane:
Omvisinga om Jakob Sande/Nikka Vonen tek om lag 1 time. Vel ein omvising om både Jakob og Nikka tek omvisinga om lag 1,5 time.
Billett får du i Gamle skulehuset, ope tysdag-sundag 11-16.
Ta kontakt om de ønskjer tinge omvising til ei større gruppe.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Sandesenteret sin eigen bokhandel, krambu og møteplass ope laurdagar 11-14. Enkel kafè og eit utval nye bøker og ymse frå eigen produksjon.
Sommarakademiet er for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.