I samband med Utvandrarjubileet 2025 inviterer Fjaler sogelag, Fjaler frivilligsentral og Jakob Sande - senter for forteljekunst til føredrag med historikar Rasmus Sunde.
I år er det 200 år sidan den første organiserte utvandringa til Amerika. Den organiserte utvandringa byrja i 1825 med seglasen til Restauration, der 52 nordmenn, hovudsakleg kvekarar og haugianarar, reiste til USA. Dei møtte store utfordringar på reisa, og livet i det nye landet vart ikkje slik alle hadde forventa. Dei første åra var prega av prøvingar, og det tok over eit tiår før nye grupper våga å følgje i deira fotspor.
Rasmus Sunde, forfattar og historikar med doktorgrad i migrasjonshistorie, vil presentere korleis utvandringa utvikla seg frå små pionergrupper til store bølgjer som påverka ulike distrikt i Noreg. Han vil belyse rolla til Cleng Peerson, ein sentral figur i den norske utvandringa, og forklare korleis økonomiske, religiøse og sosiale faktorar dreiv folk ut av Noreg.
Føredraget er illustrert og gir innsikt i livet til dei norske utvandrarane, både før og etter at dei slo seg ned i Amerika.
Arrangementet finn stad på foajéscena i Samvirket og er i regi av Fjaler Sogelag, Jakob Sande-senteret og Frivilligsentralen.
Inngong kr. 80. Open kafè.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.