Open bokhandel og krambu i Gamle skulehuset

Sandesenteret sin eigen bokhandel, krambu og møteplass ope laurdagar 11-14. Enkel kafè og eit utval nye bøker og ymse frå eigen produksjon.

16. mai, 11:00 – 14:00

Det gamle skulehuset som bokhandel, krambu og forteljehus held ope kvar laurdag 11-14.

I skulehuset finn du fleire eigenproduserte varer som koppar, t-skjorter, notatbøker og handduk, lokal litteratur, aktuelle bøker og varer. Det er også ein liten kafè der du kan kjøpe ein kopp kaffi, vaflar eller ulike sortar kald drikke.

Velkomen til ein hyggeleg handel i skulehuset. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.