Halvor Folgerø, forfattar, musikar og journalist frå Stord, held kåseri i Løa. Gunnstein Akselberg introduserer. Folgerø har ei lang karriere i NRK, der han har jobba med alt frå nyhende og humorprogram til "Eides språksjov". Som forfattar har han gjort suksess med bøkene "Vestlandsvegar" og "Fleire vestlandsvegar", og i 2024 følgde han opp med "Ferjefolket", om livet på dei ikoniske norske ferjene.
Foto: Tove Breistein
Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov, saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no, så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og i 2024 kom boka Ferjefolket.
Etter kåseriet kan du sikre deg ei signert utgåve av Folgerø sine siste bøker.
Programposten er i samarbeid med samlagsrota.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.