Min far, forteljaren Jakob Sande. Siri Sande fortel

Siri Sande opnar programmet for hovuddagen under årets Fest i Fjaler, der ho fortel om far sin som forteljar. Gunnstein Akselberg introduserer.

9. august - 9. august, 11:00 – 11:30

Vi er glade for at dotter til Jakob Sande, Siri Sande, tek turen til Fjaler heilt frå Roma, for å markere Fest i Fjaler og 5 års-jubileet til Jakob Sande-senter for forteljekunst 8. - 10. august. Ho vil fortelje om far sin, Jakob Sande, i programpost i Løa laurdag 9. august kl. 11 og komme med ei helsing til Jakob Sande-senter for forteljekunst, under kveldsmarkeringa Augustikveld på Samvirke laurdag kveld kl. 20.

Billettar i Ticketco. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.