Jakob Sandes ærespris 2025

Under Fest i Fjaler vart Jakob Sandes ærespris for 2025 delt ut. Prisen vart delt ut av Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

19.08.2025

Prisvinnar Gunnstein Akselberg saman med Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under prisutdelinga på Augustikveld i Samvirket. Foto: Ika

Jakob Sandes ærespris for 2025 gjekk til Gunnstein Akselberg!

Gunnstein Akselberg er ei sentral kraft i arbeidet med å løfte fram arven etter Jakob Sande og forteljekunsten som kultur- og kunstform i Noreg.

Frå grunngjevinga:
Prisvinnaren har vore eit trufast og engasjert styremedlem i Jakob Sande-selskapet sidan 1990-talet. Gjennom tekstar til årbøkene, føredrag, kåseri og dialog har han dokumentert og tolka Sande, inspirert og engasjert lesarane til sjølve å ta del i forteljingane og sjølv å fortelje.


Prisvinnaren har sagt at «språket fortel oss at forteljekunst er ei kunstform, ei evne til å fortelja og få tilhøyrarane, lesarane til å lytta eller publikum til å sjå. Men frå eit sosialt perspektiv kan ein forstå forteljekunst som eit fundament for menneskeleg innsikt, sentralt for å overleva som individ og samfunn. Ein kan gå så langt som å kalla forteljekunst ein uunverleg menneskeleg aktivitet – om lag like viktig som å pusta».


Ved etableringa av Sandesenteret for 5 år sidan uttalte prisvinnaren «I Noreg har vi
Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Trondheim), Skrivekunstakademiet i Hordaland (Bergen) og Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Stavanger). Derimot manglar vi eit norsk senter for forteljekunst. Vi treng eit norsk senter for forteljekunst.» Her (i Dale) var føresetnadene for å få dette til, historisk, litterært, administrativt og med omsyn av kompetanse, som kan og bør vidareutviklast. Vi treng kunnskap, vi treng ein forteljekunstskule, men ikkje berre det, ein «allmennskule» der personar med ulik bakgrunn ... til og med politikarar, regjeringsmedlemmer og ministrar, kan koma på kortare eller lengre opphald for å få utvikle sine evner.»


Prisvinnaren har sidan då hatt ei sentral rolle i oppbygginga av Jakob Sande-senter for forteljekunst — det første nasjonale senteret for forteljekunst her i landet.
For mange er prisvinnaren også kjent som professor emeritus i nordisk språk ved
Universitetet i Bergen, som namnegranskar, og som fast gjest i Linda Eides språksjov på NRK.

Han er ein forteljekunstnar av rang og eit forbilde med si evne til fortelje med lyttande engasjement, alltid forankra i ein kunnskap og klokskap i det han fortel.
Jakob Sandes ærespris for 2025 går til Gunnstein Akselberg!


Linda Eide skriv for anledninga dette om prisvinnaren:
Gunnstein Akselberg har den same åra som Jakob Sande, den åra det alltid renn forteljingar ut av. Forskjellen er at Gunnstein fortel frå fakta og forsking, mens Sande fortel frå overdriven rangling og makabre likfunn. Og me treng begge deler. Sande gjorde dagleglivet til stor kunst, Gunnstein gjer akademia folkeleg. Det er jammen meg ein stor kunst det òg. Og han ser Jakob Sande gjennom nokre briller som berre han har. Så alle som er glad i Jakob Sande skal vera glad for at Gunnstein Akselberg
er ein av dei som forvaltar arven hans, for Gunnstein er uhyre lett å lika, og då likar me endå meir det han formidlar. Den overstadige Jakob Sande og den edruelege Gunnstein Akselberg er den perfekte kombo!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

I residens

Maria Drangeid er utdanna nordist og teaterregissør. No er ho i residens i Jakob Sande sin barndomsheim for å jobbe med dramatiseringa av romanen "Mitt liv som hund" av Reidar Jönsson. Boka skal bli teater for fyrste gong, og har premiere på Trøndelag Teater i desember.

Nynorskstipendet

Nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune er på 150 000 kroner og blir delt ut for første gong i 2025. Fristen for å nominere kandidatar er 15. september.

Med born på Fest i Fjaler

Ta med borna i Klokkargarden!