Maria Drangeid er utdanna nordist og teaterregissør. No er ho i residens i Jakob Sande sin barndomsheim for å jobbe med dramatiseringa av romanen "Mitt liv som hund" av Reidar Jönsson. Boka skal bli teater for fyrste gong, og har premiere på Trøndelag Teater i desember.
Under opphaldet vil Maria invitera til ein lunsjsamtale om eit anna teaterprosjekt ho jobbar med. Framsyninga Selvportrett tek utgangspunkt i boka og «sjølvportrettet» til den franske forfattaren Édouard Levé.
Lunsjsamtalen vert i Gamle skulehuset onsdag 27.08. kl. 11.30.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.