Våre sommarvertar ønskjer velkomne i Jakob Sande-tunet gjennom heile sommaren. Dei held ope i Gamle skulehuset og i tunet tysdag-sundag 11-16, og held omvisingar i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor tysdag-fredag kl.13.
Sommarsesongen er i gong i Jakob Sande-senteret. Det vert ein sommar med ulikt program for store og små, med omvising og vandring, med litteratursalongar og konsertar, og ikkje minst ein sommar med gode menneskemøter i Klokkargarden. Våre sommarvertar ønskjer velkomne i Jakob Sande-tunet gjennom heile sommaren. Dei held ope i Gamle skulehuset og i tunet tysdag-sundag 11-16, og held omvisingar i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor tysdag-fredag kl.13.
Sjå kalenderen vår for alle hendingar.
Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.
Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.
«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.