Vekas dikt: Husdråpa

Sande-diktet denne veka er "Husdråpa", og det er henta frå samlinga Storm frå vest. Husdråpa (norrønt Húsdrápa) er ei dråpe, eit skaldekvad frå om lag 985, som er teke vare på i Den yngre Edda. Med diktet tek Sande eit etterlengta farvel til ein hybel i hovudstaden.

27.10.2025

Foto: Nanna Broch. Eigar: Oslo Museum

Husdråpa

(Farvel til ein Oslohybel).

Farvel du gamle rottehol der aldri eg såg sol,

farvel med dine loppor og din gamle pinnestol.

Farvel du skeive klaffebord, farvel du morkne seng,

å sova på ditt jammersbol eg aldri meire treng.

Og difor kann eg syngja av mi innarste sjel:

Farvel, farvel!

 

Farvel du gamle kakkelomn som oste så eg trur

at veggelusa hosta der ho svolta låg på lur.

Farvel du blanke kaffeskvip og mygla margarin,

no dreg eg heim til Gosen og drikk øl og brennevin.

Og difor kann eg helsa deg du transure kjel:

Farvel, farvel!

 

Farvel du gamle kjerring som meg gift i maten gav,

eg kann kje tru at eg skal fella tåror på di grav.

Du lurde på ditt offer som ei gamal krokodil

og hadde gjerne flått meg, dersom berre du slapp til.

Men no kann sjølve Tykjen ta di råbarka sjel:

Farvel, farvel!

 

Jakob Sande, storm frå vest (1931).

 

Ordforklaringar:

Husdråpa av: dråpe (f) = norrønt skaldekvad med eit slag omkvede

Tykjen = djevelen

 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.