Eva Meier har skapt ny forteljekopp

Eva Meier har skapt illustrasjonane på koppane i Sandesenteret. No har ho skapt ein ny kopp inspirert av gründerverksemd og industri langs Dalsfjorden.

10.11.2025

Arbeidsskisse til den nye forteljekoppen.

Eva Meier har tatt forteljingar om gründera i Fjaler og industrien langs Dalsfjorden og omskapt det heile til eit nytt kunstverk som Figgjo no trykker på den heilt nye koppen til Sandesenteret. Koppen fortel om personar som har tenkt store tankar, om fabrikk-liv og hendingar langs Dalsfjorden. 

Eva Meier er kunstnaren bak dei vakre illustrasjonane på produkta og alt materiell ved Sandesenteret. Ho har utdanning frå Utrecht School of the Arts i Nederland, der ho studerte illustrasjon. Eva har alltid uttrykt seg gjennom teikning og har ein lidenskap for å skildre samanhengar gjennom streken sin. Med eit særeige blikk for visuell forteljing formidlar ho historier som tilfører kvart kunstverk ein ekstra dimensjon. 

Velkomen til lansering av koppen i gamle skulehuset laurdag 29.11. kl.12. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

7. november, 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.

7. november, 12:00

Manuslesing av Liminal

Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.

9. november, 19:00

Kvinna – ein Jakob Sande-diktkonsert

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.