Opprettar eit eige venelag for Nikka Vonen

Under Forteljekunstakademiet er fleire av programpostane på Steia Gard, staden der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1869 - 1907. Under programposten "På sporet av Nikka Vonens hage på Steia Gard" vil vi freiste samle ulike menneske med eit engasjement for Nikka og skulen hennar, og stifte eit eige venelag.

02.06.2025

Er du interessert i Nikka Vonen og pikeskolen på Steia Gard? Er du oppteken av kvinnesak, målsak og historie? Korleis dra parallellar frå dåtid til notid? Eller berre nysgjerrig på Nikka Vonen, den rike historia og vegen vidare?

Du er hjarteleg velkomen til å vere med på ei samling om dette i etterkant av programposten om Nikka Vonens hage. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.

Fulle hus for Jakob Sande i hovudstaden

Jakob Sande-minifestivalen samla eit stort publikum i Oslo då 120-årsjubileet for diktaren vart markert. Med "Kvinna" som årets tema utforska festivalen nye perspektiv og løfta fram nye stemmer, inspirerte av Sande si dikting og den litterære arven etter han.

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.