i SP sitt alternativ til statsbudsjett ligg Sandesenteret inne med ein solid auke. Får vi det gjennom kan vi sikre eit sterkare fagmiljø ved senteret og ei varig organisering.
Erling Sande (SP) og dotter til Jakob Sande, Siri Sande, under 5årsmarkeringa til Jakob Sande-senter for forteljekunst i august 2025. Foto: IKA
Senterpartiet føreslår i sitt alternative statsbudsjett å auke statsstøtta til Jakob Sande-senter for forteljekunst, og dermed styrke fagutviklinga ved senteret.
Ei satsing på munnleg og skriftleg forteljekunst som er viktig i dagens samfunn med nedgåande lese- og skrivelyst og -evner, kunstig intelligens og polariserte offentlege samtalar. Vi treng å løfte den menneskelege forteljekunsten heilt fremst i medvitet til folk over heile landet, og vidareutvikle ein stad, eit forteljekunstsenter, der alle kan kome for å utvikle sine evner til å lytte og fortelje i eit kulturhistorisk miljø der lyrikk, danning og munnleg forteljekunst sit i veggane og i tuna.
Vi takkar Senterpartiet for støtta dei viser oss med sitt alternativ til statsbudsjett og er spente på vegen vidare.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.