Gain what we lost

Anna Schmideder har skapt ei ny bok inspirert av bøkkerverksemd langs Dalsfjorden. Under residensopphald på NKD og i Sandesenteret, vart Anna kjend med mange lokale personar som har lært ho mykje om bøkkerverksemd, om handverksteknikkar og materialval. Desse samtalane og denne forskinga har munna ut i ei heilt eiga bok som vert lansert i Fjaler 29.11.25.

10.11.2025

Laurdag 29.11 kl.1200 lanserer Anna Schmideder boka si "Gain what we lost" i Gamle skulehuset. Ei bok ho har skapt under og etter residensopphald på NKD og i Sandesenteret. 

Anna fordjupa seg i historie og landskap her i Fjaler og vart særleg oppteken av gamle tradisjonshandverksteknikkar og korleis vi kan bruke desse teknikkane inn i innovative løysingar for framtida. Under opphalda vart Anna kjend med fleire lokale personar som alle har mykje kunnskap om særleg bøkker-verksemd langs Dalsfjorden. Gjennom samtalar, utforsking og utprøving, danna Anna eit unikt blikk på noko som har vore, men som det no berre står restar att etter. Det heile har munna ut i ei bok, som Anna no kjem tilbake til Fjaler for å lansere. Boka har fått tittelen "Gain what we lost", og rommar både intervju, foto, poesi, refleksjonar og gir eit levande bilete av noko som har vore og som framleis kan bli. 

Anna er utdanna snikkarmeister i Tyskland med bachelor i handverksdesign, samt ein master i rom- og møbeldesign ved KMD i Bergen. Ho er deltidstilsett i snikkarverkstaden ved DNS i Bergen, i tillegg til å vidareutvikle eigen designpraksis for møbel og konseptuelt design. Anna jobbar i krysningsfeltet mellom design, handverk og kunst, og syntes det er viktig i vår digitale verd å oppretthalde ekte dialog og direkte kontakt med ulike materiale. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Til lukke med arbeidarane sin internasjonale kampdag

1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.

Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

Vekas dikt: KLEPPE-MARET

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.