Vekas dikt: Dyveldi

"Dyveldi" er vekas dikt. Også denne vekas dikt er henta frå debutsamlinga til Jakob Sande, "svarte næter" frå 1929. Dyveldi kjem av Dyvel = djevel, frå lågtysk.

25.09.2025

Lunsj med utsikt. Foto: Lauritz Johan Bekker Larsen/UiB

DYVELDI

Der Dyvelnut reiser seg, myrk og bratt,

med Dyveldi-tjørni under,

sit Satan på huk kvar ei jonsoknatt,

og skor seg med dur og dunder.

 

Og alle dei hekser i Fjaler gjeld,

ligg flate med utspilte kjakar,

og pustar i Satan sin smidje-eld,

so gneistane sprutar og sprakar.

 

Der sit ho so breid som ei låvedør,

den trollkvinna Bukselaus-Randi,

og kvesser med fili dei krokne klør,

som spriker på styggemannshandi.

 

Men han som ved sida åt styggen stend,

og hamrar på hesteskosaumen,

er likkistesmeden frå Bøvlegrend, 

som drap seg i Bøvlesjøstraumen.

 

So klinkar og slær dei med hamar og tong,

og skarpskor den raggute guten, 

og so held dei gilde med spel og med song,

og dans kringum Dyveldinuten.

 

Då klatrar det upp på ein mosegrodd stein,

ein dauding med glisande tenner,

og blæs i sitt eige leggspike-bein,

so sveitten silar og renner.

 

Og dansen går vill til den kvinande låt,

um natti på Dyveldistrandi.

Men gamlingen sjølv dansar, grevskodd og kåt,

i brodden med Bukselaus-Randi.

 

Jakob Sande

Svarte næter, 1929. 

 

Diktet er seinare tonesett av Jørgen Alisøy.

Foto frå 1904.

Bilete er henta frå UiB sine samlingar. Fotograf er Lauritz Bekker Larsen (1877–1964). Lauritz var ungkar, arbeidde som kontorsjef hos H. C. Krohn i Bergen og reiste mykje rundt i Noreg og på Vestlandet. Han var ein ivrig amatørfotograf og etterlet seg tidstypiske reisemotiv og familiemotiv frå ca. 1890–1920. Mange av bileta viser Bekker Larsens foreldre og sysken. 

På bilete: Kristofa Marie Bekker Larsen og Christian Bekker, og ukjent (kan hende Lauritz sjølv?)

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Til lukke med arbeidarane sin internasjonale kampdag

1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.

Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

Vekas dikt: KLEPPE-MARET

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.