Kjersti Wøien Håland var årets festdiktar på Fest i Fjaler. Til festhelga skapte ho eit tingingsverk som fekk urframføring under «Augustikveld på Samvirket». Diktet har tittelen «det som rimar».
Foto: Ika
det som rimar
Har du tenkt på at
nerveceller er mistenkeleg like trær
dei har greiner og røter
dei fortel hormonelle historier til kvarandre
som trea og menneska gjer
røter som grev djupt i fortida
greiner som strekk seg inn i framtida
sjølv når ikkje veit kva du skal si
har du ein skog som snakkar på innsida
Har du tenkt på at
ein fjord liknar ei blodåre
blågrøn snirklande og livsviktig
alltid i rørsle
fjorden går inn i bygdene
koplar dei til verda
blodet strøymer inn til pumpene
og sidan jorda er rund
finnes ingen sentrum og ingen periferi
ingen er uviktige
har du tenkt på at
fjell liknar urgamle ansikt
berget foldar seg som hud
forma av alt som fell frå
når dei sovande kjempande
som alltid er stoisk og stille
plutseleg slipper taket
er det tida sine tårar som rasar
ingen er satt i stein
alt som finnes kan falle
har du tenkt på at
eit svart hol ser ut som ein pupill
så ikkje berre kan blikk drepe
men dei kan suge lyset ut av rommet
trekke deg til seg
så du fell inn i nokon andre si verd
eit parallelt univers
der du er sett
har du tenkt på at dei blikka som drep
er dei som ser vekk
har du tenkt på at
når du hevar stemmen
vibrerer stemmebanda dine
i følge superstrengteorien
består alt i universet av
vibrerande strenger
om du kokar alt ned
er vi strenginstrument
symfonien som aldri stoppar
spelt med usynlege hender
du er alltid ein del av eit samspel
du tenker som ein skog
græt som ein bergvegg
blør som ein fjord
sender sjelar på pilgrimsferd i dine auge
du spelar i eit uendeleg orkester
det er ein bra vits at du føler deg liten
eller at din stemme er uviktig
ikkje minst er det absurd å påstå
at du er ein slags evig solist
du er universet som spelar med seg sjølv
Kjersti Wøien Håland
Kjersti Wøien Håland er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar.
Kjersti Wøien Håland er fødd i Høyanger, har gått på Firda vidaregåande skule, tekstforfattarutdanning frå Westerdald Høyskole i Oslo, manusforfattarlinja ved Den norske filmskolen i Lillehammer. Håland har vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf i Oslo, har gitt ut fleire lyrikksamlingar og romanar og vore manusforfattar for mellom anna TV-serien Lovleg.
Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk.
I 2025 var ho festdiktar under Fest i Fjaler 8.-10. august. Laurdag 9. august framførte ho tingingsverket "det som rimar" frå festscena på Samvirket.
- Jaja er eit tidsskrift om og med forteljekunst, for ålmenta, for den undrande, for den som vil eksperimentere, sa Gunnstein Akselberg under lanseringa av den første papirutgåva av Tidsskriftet Jaja.
På Fest i Fjaler feira vi forteljekunsten og markerte at det er fem år sidan etableringa av forteljekunstsenteret i Fjaler. Her kan du sjå glimt frå feiringa.
Kvar veke deler vi eit dikt av Jakob Sande. Følg med og bli enno betre kjend med den folkekjære diktaren frå Fjaler. Bondesalme er eit dikt frå debutsamlinga til Jakob Sande frå 1929. Ein hyllest til bonden.