Sjå glimt frå lanseringa av Jaja på papir

- Jaja er eit tidsskrift om og med forteljekunst, for ålmenta, for den undrande, for den som vil eksperimentere, sa Gunnstein Akselberg under lanseringa av den første papirutgåva av Tidsskriftet Jaja.

16.09.2025

Endeleg kan vi halde Jaja i hendene! Vi inviterte til kringler og kaffi i Løa hos Jakob Sande- senter for forteljekunst for å feire papirutgåva av Tidsskriftet Jaja. Foto: Ika Tskhovrebashvili

Lanseringa av Tidsskriftet Jaja på papir var starten på Fest i Fjaler og tre dagars feiring av munnleg og skriftleg forteljekunst, som markerte femårsdagen til Jakob Sande - senter for forteljekunst i august. 

Det var fullt hus i Løa hos Jakob Sande-senteret på lanseringa, og fleire i redaksjonsrådet til Jaja bidrog med å sjøsetje den aller første papirutgåva av Sande-senterets tidsskrift om og med forteljekunst. 

Foto: Ika Tskhovrebashvili.

Mange fekk sikra seg ei utgåve på lanseringa, og bibliotekar Sindre Søreide sørgar for at Fjaler folkebibliotek har tidsskriftet til utlån.

Redaktør Tora Hope fortalde om temaet for utgåva Ting som tause forteljarar: - Å velje seg ein ting kan setje den som vil fortelje på eit spor. Du får ein konkret stad å starte frå, noko å samle deg om. Særleg er det interessant med dei usensasjonelle tinga vi omgir oss med, dei som vi tek for gjeve. I 2023 gjesta arkeologen Hein B. Bjerck Sandesenteret, som gir ut Jaja, med føredraget Kva fortel tinga? Bjerck har vore oppteken av desse ordinære gjenstandane. Dagleg leiar i senteret og tidlegare redaksjonsrådsmedlem i Jaja, Rakel C.W. Solheim, synte meg biletet av ein blyantstump arkeologen hadde teke vare på etter far sin og foreslo dei tause forteljarane som tema for Jaja. Blyanten var kvessa ned til ein centimeter, og full av forteljingar. Eg likte ideen godt, det er eit høveleg tema når Jaja no har blitt ein fysisk gjenstand, ein ting vi kan halde i hendene.

Heidi Hattestein har vore fascinert av pianoet til Nikka Vonen sidan første gong ho såg det, og har skrive reportasjen "Er ein skrudd ihop som eit piano, er det vanskeleg å vere stille" til utgåva. Heidi sit også i redaksjonsrådet til Jaja.

TING-framsida og designet er laga av Maria S. Astrup.

Forfattar Katrine Sele er også i redaksjonsrådet til Jaja. Ho hadde med seg ein feilmontert grill og fortalde om tinga som ikkje fungerer som dei skal.

Det var stas med alle som tok turen til lanseringa!

"Å lese seg sund" er eit essay om å halde fram med å lese - og skrive - også når ein føler at ein ikkje får det til. Det er Sivert N. Nesbø som har skrive essayet til utgåva. Han er forfattar, omsetjar og akademileiar ved Skrivekunstakademiet, og medlem i redaksjonsrådet.

I ulike sjangrar utforskar bidragsytarane kva tinga våre fortel om oss og tida vi lever i. I tillegg finn du stoff om skriftleg og munnleg forteljekunst.

Gunnstein Akselberg er ein av dei som arbeider med å definere og fremje forteljekunst, i Jakob Sande - senter for forteljekunst og i Jaja. Her saman med Shwan Wahed på lanseringa, der Gunnstein framførde ei forteljing om kva Jaja er og vil vere: Eit tidsskrift om og med forteljekunst, for ålmenta, for den undrande, for den som vil eksperimentere.

Utgåva inneheld også samarbeidet Jaja + SKROT = sant, der tekstkollektivet SKROT har fått ti sider til å rå med.

Blant bidragsytarane i utgåva er Monica Goksøyr, Robin Van de Walle, E.V. Crowe & Erik Hovland, Siri Helle, Eli Fossdal Vaage, Brynjulf Jung Tjønn, Janne Karin Støylen, Dubie Toa-Kwapong, Gunnstein Akselberg, Heidi Hattestein, Marjam Idriss, Ruth Lillegraven Elise R. Eikevik, Eva Meier og fleire.

God stemning i Løa!

Kjøp utgåva

Du kan bestille utgåva her.

Jaja får du òg tak i hos Jakob Sande - senter for forteljekunst i Fjaler og Tekstallmenningen i Bergen.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: Hauststemning

Diktet hauststemning finn vi i samlinga "Krossen og sleggja" frå 1939.

I residens

Mari Elise Haugen, Kjersti Wøien Håland og Sofia Knudsen Estifano er i residens i Jakob Sande-senteret. I løpet av opphaldet inviterer dei til ei arbeidsvising.

Vekas dikt: Hornelen

Vi held oss i debutsamlinga til Jakob Sande frå 1929, med diktet Hornelen.