Utgåve #3 av Tidsskriftet Jaja

Tidsskriftet Jaja er Jakob Sande senter for forteljekunst sitt tidsskrift om og med forteljekunst. Tredje utgåve har temaet: Kven trur du at du er?

20.02.2025

Illustrasjon: Signe Wohlfeil

Jaja skal vere eit rom for å utforske kva ei forteljing er og kan vere, og bidra til fleire og meir allsidige forteljingar om kven vi er, med mål om å få fram nye forteljingar og røyster.

Den tredje og førebels siste utgåva av Tidsskriftet Jaja vart lansert i november 2024, og har tema "Kven trur du at du er?". Les på tidsskriftetjaja.no. 

Utgåva handlar om dei forteljingane vi omgir oss med, medvite og umedvite, som enkeltpersonar og samfunn. Vi menneske fortel heile tida, i indre dialog, i draume, i samtalar, på mobilen, i klasserommet, på Dagsnytt 18, i forskingsrapportar, romanar, noveller, dikt og rundt bålpanna. Ved å fortelje skapar vi meining av livserfaringane våre. Samstundes set vi både i scene og avslører noko om kven vi trur vi er, som individ og fellesskap. Bidraga til utgåva blir publiserte frå november 24 til februar 25.  

Bidragsytarar i utgåva er:

  • Dorrit Vignes
  • Siri Helle
  • Terje Lyngstad
  • Madina Darwazi
  • E.V. Crowe
  • Eliot Losnegard
  • Dubie T. Kwapong
  • Andrea Rygg Nøttveit
  • Brynjulf Jung Tjønn
  • Heidi Hattestein
  • Jan Grue
  • Torkel Eikevik
  • Tora Hope

Tidlegare utgåver av Tidsskriftet Jaja er:

Redaksjonsrådet til Tidsskriftet Jaja

Redaksjonsrådet bidreg til utviklinga av Jaja, og er eit rådgivande organ for redaktør. 

For 2025-2027 sit desse i rådet:

  • Siri Helle
  • Gunnstein Akselberg
  • Dubie Toa-Kwapong
  • Heidi Hattestein
  • Sivert Nesbø
  • Brynjulf Jung Tjønn
  • Katrine Sele
  • Anne Arnesen Mørch

Tora Hope er redaktør. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.