Vekas dikt: ÅSE FANTEMOR

Denne hausten deler vi eit nytt dikt kvar veke. Denne veka er det diktet Åse fantemor frå samlinga Storm frå vest vi presenterer.

16.11.2025

Veggmåleri i Dale av Christen Halle

ÅSE FANTEMOR

Åse fantemor sat sessa uppved klokkaren sitt bord,

og drakk kaffi medan klokkarkona skjenkte.

Uppi trynet var ho svart som Guds hellige jord,

og som koparkjelar kjakane blenkte.

Og den tannlause munnen som ei kaffikvern gjekk,

han var diger med eit skurvete sår på,

og på nasa, der ein dinglande nasedrope hekk,

sat ei vorte med eit kvitkrulla hår på.

 

Og Åse fantemor la i seg som ho likaste vann, 

og mol uppatt den-der utgamle leksa

um dei borna ho laut dragast med, han Carl Johan,

og ho Sara, den forbannade kreksa,

dei som aldri tok formaning eller kristeleg tukt,

um ho trekste dei med staurar og stenger,

og som stelte seg so vanskapt, at no rapa det vel lukt

inn i heitaste med båe tvo, ja lenger.

 

Det var mest som det var utgjort med han Carl Johan,

for ilag med eit par utkropne fantar

slo han helselaus ein fredeleg og farande mann,

og tok tå honom ei vøle med kontantar.

Men fekk mor hans noko studnad då han tura og var rik?

Neigu såg eg kje so pass som ei krone!

Men no sat han som ein slave innpå fengslet i Vik,

og drakk vatn og togg stomp for å sone.

 

 

Og ho Sara var ei krekse for Vårherre, som sagt,

og alt arbeid liksom pesten ho hata.

Difor siglde ho til Bergen på ein bomsiglarjakt,

og slo pengar der um nætene på gata.

Ho stod i det som ei herrefru med dundrande kalas,

so når dagen rann låg allting i eit røre.

Men dei pengane ho tente gjekk til brennevin og stas,

so ho som mora var såg aldri eit øre.

 

Og Åse fantemor for borna sine gret ein liten skvett,

slik at tårone dei trilla etter nosa.

Sidan strauk ho seg på magen sin og sa at ho var mett,

og so rapa ho og snytte seg i dosa.

Og då dette var gjort undan tok ho pipa si fram

og fekk karve seg ei skrå på bakstebotten.

Men ho mulla då ho kveikte at ein drusteleg dram

hadde jaggu vore helsesam for skrotten.

 

J.S.

Storm frå vest 1931. 

Ludvig Eikaas si tolking av Åse fantemor.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Til lukke med arbeidarane sin internasjonale kampdag

1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.

Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

Vekas dikt: KLEPPE-MARET

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.