Vekas dikt: Hauststemning

Diktet hauststemning finn vi i samlinga "Krossen og sleggja" frå 1939.

06.10.2025

Postkort frå Dale i Sunnfjord i 1907. Foto: UiB

Hauststemning

Eg ser mot dei svarte sjøar

der haustskodda regntung driv,

eg ser mot dei nakne bøar

som søv over slokna liv,

eg ser mot dei bleike grender

der haustherja tre held vakt

som krøkte, forvridde hender

i bøn mot ei overmakt.

 

Og fram av den tomme stilla

stig fåfengde år som kvarv,

då blind eg i skodda villa

og øydde min ungdoms arv.

Forspilt var kvart frø eg sådde

og hausten som kom vart skral,

og måla eg stundom nådde

var berre som tomme skal.

 

Det kimar frå dødens hage

uendeleg vart og stilt,

ei sår og vemodig klage

frå liv som i frost gjekk spilt,

eit sorgsus, forseint å lindre

frå livet som eingong var,

og djupt i mitt eige indre

gjev samstilte klokker svar.

 

Jakob Sande

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.