Langt inn i bergi blåe er der ikkje haust og vetter, der er ikkje natt og dag, skriv Jakob Sande i diktet "Ballade".
Frå Fjaler. Foto: Lauritz Johan Bekker Larsen/UiB
BALLADE
Kong Sumarlid av Fjaler kom heim frå viking att,
og styrde til lands ved Alden ei disig månenatt.
Dei svarte gjel og tindar låg blå i måneljos,
der song den vonde kvinna, den falske Sigaros.
Der song den falske kvinna og spela tussegreip,
og klunka med tjukke fingrar på tvinna bastereip:
”Du unge Sumarlide, kom inn, kom inn til meg,
all heimsens gull og rikdom, det vil eg gjeva deg.
Langt inn i bergi blåe, der sylverskogen gror,
det glitrar i dyre steinar og lyser av perlemor.
Her er ikkje haust og vetter, her er ikkje natt og dag,
og stilt i ljose draumer går sus av båreslag.»
Men Sumarlide, kongen, han vende seg kald ifrå,
då såg han den andre kvinna i måneljoset stå.
Til linne harpetonar ho song i stjerneskin,
det var den fagre kvinna, den ljose Ermelin:
«Du unge Sumarlide, kom inn, kom inn til meg,
min varme, rike kjærleik, den vil eg gjeva deg.
Eg skal deg varlegt draga inntil min mjuke famn,
og kviskra i stille næter ditt underfulle namn.»
Og Sumarlide, kongen, det var han som sovna av,
det drog han med makt mot havet, det store, kalde hav.
Der søv den unge kongen frå våpenleik og strid,
no song eg minnesongen um konung Somarlid.
Storm frå vest (1931)
Aftenlandet kjem til Fest i Fjaler laurdag 15. august med melodisk visepop, nynorske tekstar av Jakob Sande og kjende låtar som «Du», «Hymne» og «Morgon i mai».
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas dikt er "Stubb".
I 2026 er det 120 år sidan Jakob Sande var fødd. I høve jubileet skipar vi ein ny tradisjon, og inviterer ein framifrå formidlar til å halde det første Sandeføredraget.