Markering av UNESCO-status i Solund

Fjordkysten regional- og geopark er godkjend som ein UNESCO Global Geopark - ei høgthengjande utmerking for område med særskild unik geologi, natur og kultur på verdsbasis.

28.04.2025

Frå opninga av episenteret i Fjaler. Foto: David Zadig

Fjordkystparken er Noregs første og einaste kombinerte regionalpark og geopark som inkluderer kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og Sunnfjord. 
I 2023 opna Fjordkysten sitt episenter i Fjaler, som er Jakob Sande-senter for forteljekunst, eit episenter med formidling og den immaterielle kulturarven som sitt naturlege tema. 
Vi gratulerer Fjordkystparken og ser fram til å markere dette rundt i alle dei fem kommunane. Først ut er Solund med markering 28. april. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

1,5 ekstra million til Jakob Sande – senter for forteljekunst på Statsbudsjettet!

I budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt ligg 1,5 millionar ekstra til Sandesenteret, og satsingar på fleire viktige kulturinstitusjonar.

Ivar Nygaard er i residens

Forteljar, kulturhistorikar og biletkunstnar i residens i Jakob Sande-tunet.

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.