Vekas dikt: Til Margaret

I samlinga Sirius frå 1955 finn vi diktet denne veka.

10.11.2025

TIL MARGARET -

Lat dagen dimmest og i vester kvelde,

lat sola sige over isa sund,

og merke alt av liv med år og elde:

eg veit du kjem, du kjem ei morgonstund.

 

Du kjem og vekkjer meg ved livsens kjelde,

eg ser deg når eg vaknar av min blund,

og trygt mot natta skal vi saman tjelde

innunder palmene i Sela lund.

 

Eg ser oss vandre i dei stille hagar

alt medan minna frå dei vonde dagar

kverv bort i rømda som ei skoddesky.

 

Og framfor oss ligg lange, ljose lende

der dagen aldri bleiknar og tar ende,

- kvar morgon vekkjer oss på ny, på ny. 

 

J.S.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.