Med born på Fest i Fjaler

Ta med borna i Klokkargarden!

07.08.2025

Frå kl. 11 laurdag vert det kreativ verkstad for born i skulehuset der dei kan lage bokmerker og armband med Malin Ødemark frå Sogn og Fjordane Husflidslag. 

Ho er kunst- og handverkslærar og har jobba kreativt med mange ulike teknikkar sidan ho var lita. Kafeen og bokhandelen er open. 

Kl. 13 vert det Internasjonal fabeldag i tunet med Luethi-Peterson-leiren (LPC) på Heggnes, ei fargerik framsyning med dans og musikk (inne i Studio Nova viss styrtregn).

I tunet er det også opa forteljeløype med postar rundt i tunet, og sal av pizza og is!

Gratis inngong. 

Vel møtt!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

1,5 ekstra million til Jakob Sande – senter for forteljekunst på Statsbudsjettet!

I budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt ligg 1,5 millionar ekstra til Sandesenteret, og satsingar på fleire viktige kulturinstitusjonar.

Ivar Nygaard er i residens

Forteljar, kulturhistorikar og biletkunstnar i residens i Jakob Sande-tunet.

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.