På frigjeringsdagen 8. mai, inviterte Jakob Sande-senter for forteljekunst og Musea i Sogn og Fjordane ved Kvernsteinsparken til Bygningsverndag på Steia Gard, staden der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1871-1907, og ga dei opplæring i mellom anna sløyd, soge, naturbruk og danning.
Smed Ove Ryland frå Kvernsteinsparken lærer elev frå Dingemoen skule å smi.
Steia Gard er eit kulturmiljø av nasjonal betydning og ein stad for utvikling og fellesskap. Å samle femti 7. klassingar til ein dag som handla om nettopp det, var meiningsfull og lærerik. Elevane fekk prøve seg i smia saman med smed Ove Ryland frå Kvernsteinsparken, å kverne korn med kvernstein saman med Frøydis Akse frå Kvernsteinsparken, dei fekk lære seg å lage ei lita skei og ein kopp saman med dei erfarne handverkarane Jan Haugen og Vidar Jensen, dei fekk prøve lafting og skogsrebus saman med Ruben Bøthun og Svein Saure frå Skogselskapet i Sogn og Fjordane, lære ulike veveteknikkar saman med Malin- Charlotte Ødemark frå Sogn og Fjordane husflidlag. Vi takkar Hyllestad og Dingemoen skule for besøket.
Dagen vart avslutta med Open sløydsal i gamle Fjaler ungdomsskule, der kven som helst kunne lære seg å bruke kniv og navar saman med Jan og Vidar.
Årets initiativtakarar og bidragytarar til Bygningsverndagen: Frøydis Akse, Alexander A. Rauboti, Malin-Charlotte Ødemark, Ruben Bøthun, Svein Saure, Rakel C. W. Solheim, Ove Ryland. Jan Haugen og Vidar Jensen var framleis på sløyden då bilete vart teke.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.