Hanus G. Johansen til minne

Hanus G. Johansen (1950–2025) gjekk bort i helga. Vi vil særleg hugse han for entusiasmen hans for, og dei sterke tolkingane av, Jakob Sande sine tekstar.

14.10.2025

Foto: David Zadig

Hanus G. Johansen (1950–2025) var ein færøysk visesongar og komponist.
Hanus vitja Fjaler første gong i 1995. Det var under eit NU-stemne som ønskte ein tydelegare nordisk profil, og som då inviterte mellom andre Hanus til Fjaler.
Sidan har han vore mange gonger tilbake til bygda og fått gode vener her.

I 2006 gav han, saman med Aldubáran, ut CD-en Frå Leddiken – Jakob Sande-dikt i færøysk tonedrakt, der dei tolkar 15 dikt av Jakob Sande. 
I Bergens Tidende kunne ein etter CD-sleppet lese:
https://www.bt.no/kultur/i/Jr9M4/sang-fra-vest

I 2020 fekk Hanus den føroysku nasjonale kulturprisen, mellom anna for hans arbeid med å binde saman færøysk visetradisjon og lyrikk frå nabolanda.

I 2023 var han i Fjaler for siste gong, då han opptredde på opninga av kunstutstillinga Sivert Sunde – sitt liv og virke på Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.
Der framførte han ei nær og sterk tolking av diktet Likfunn.

Bileta her er tekne av fotograf David Zadig under Hanus sitt siste besøk i Fjaler.

Jakob Sande-selskapet lyser fred over Hanus G. Johansen sitt minne, og seier takk for alt han gav oss.

Foto: David Zadig

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.