Denne veka skjer det: Teaterfestivalen i Fjaler!

Våre gode vener i Teaterfestivalen i Fjaler går nye vegar med årets festival. Jakob Sande-senteret er stolt samarbeidspart, med festivaldeltakarar, artistar og produksjonsteam i tunet heile veka, den store bygdefesten i Klokkargarden laurdag, og utvida opningstid i bokhandel og kafe.

08.09.2025

Festivalplakat for Teaterfestival i Fjaler av Eva Meier.

Denne veka går Teaterfestivalen i Fjaler av stabelen, med eit sterkt og nyskapande program.

Under festivalen utvidar Jakob Sande- senteret opningstida i Gamle skulehuset. 

Velkommen innom for kaffi, handel og drøs:

Nordisk fellesskap

Årets festival markerer startskotet for ei ny fleirårig internasjonal satsing. Med særskilt fokus på Norden og øylanda i Nord-Atlanteren, er programmet prega av spanande scenekunstnarar frå Færøyane, Island, Shetland og Grønland. Festivalen arrangerer også fagprogram og ein heilt ny musikkfestival: HEIME@RIVEDAL. 

I veka fram mot festivalen går dessutan Nordisk teatercamp for yngre, skapande scenekunstnarar føre seg på Steia gard. I løpet av veka vert det ulike workshops og fagsamtalar, og torsdag 11. september kl. 11.00 opnar festivalen med ein kunstnarpresentasjon på Steia gard. Her er alle velkomne.

Sjå heile programmet og sikre deg billettar her. 

I Klokkargarden

I Jakob Sande-senteret er vi stolt vertskap for festivalteam og artistar gjennom veka, som vi husar både i residensen og i Løa.

På laurdag finn DEN STORE BYGDEFESTEN laurdag 13.9 stad her i tunet. Det blir ein magisk kveld i Klokkargarden med musikalske overraskingar, bål, sal av mat og drikke, og dansefest med Dragongirl. Kjøp billett her. 

Sundag kl. 12 kan du få med deg HEMNAREN & SONETAPET i Gamle skulehuset, der Rolf Losnegård og Odd Kjørstad fortel om sagalitteraturen og koplingane mellom Vestlandsfjordane og Island. Billett her.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Til lukke med arbeidarane sin internasjonale kampdag

1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.

Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

Vekas dikt: KLEPPE-MARET

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.