Tidsskriftet Jaja søker bidrag til utgåve #4 med tema: VERDA SLIK VI KJENNER HO.
Tidsskriftet Jaja er eit tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by.
Vi tek imot bidrag i alle sjangrar, frå dikt, noveller, essay, fagartiklar og intervju, til munnlege og visuelle format, eller noko heilt nytt vi ikkje har høyrt om endå!
Kva kjenneteikner verda slik du kjenner ho? Kva vil du ikkje miste? Kva vil du endre? Kva står på spel? Vi ynskjer særleg bidrag frå bygdeperspektiv, men er opne for alle slags innfallsvinklar (og hugs at bygd finn du også i by).
Vi inviterer både deg som er heilt fersk og deg som allereie skriv mykje, til å sende inn bidrag med utgangspunkt i temaet til tidsskriftetjaja@gmail.com innan 1. april 2025.
Bidrag som blir valt ut til publisering på tidsskriftetjaja.no vert handsama redaksjonelt og honorerte.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.