Søk sommarjobb som tunvert og formidlar

Vil du ha ein kreativ sommarjobb i eit unikt kulturmiljø? Vi ser etter deg mellom 17-26 år som vil prøve deg som vert og formidlar, ynskjer å bli betre kjend med diktaren Jakob Sande, og som kan løyse praktiske oppgåver. Søk sommarjobb hos oss i Jakob Sande - senter for forteljekunst!

17.03.2025

Sandesenteret ligg i barndomsheimen til forfattar og forteljar Jakob Sande, i Klokkargarden i Fjaler. Vi har eit rikt kulturtilbod i sommarmånadane, og søker etter sommarvertar. 

Senteret held ope kvar dag, unnateke måndagar, og leitar no etter ungdom, studentar eller unge vaksne som kan drifte mange av oppgåvene i senteret i sommarsesongen.

Sandesenteret vil tilsette unge over 17 år i sommarjobb i perioden 18. juni - 16 august 2026. Søkarar som har høve til å arbeide under akademi og Fest i Fjaler (12.-16. august) vert prioritert. 

Du vil få opplæring i munnlege forteljeteknikkar og opplæring i formidlingsløyper om Jakob Sande og Nikka Vonen og kulturhistorie i Fjaler. 

I søknaden skriv du kort om deg sjølv og dine interesser, samt kva for veker du kan arbeide i sommar. Søknad sendast via skjemaet under. Søknadsfrist 27. april!

Om du vil ha meir informasjon om stillingane kan du ringe 9765 09 66 eller sende ein e-post til rakel@jakobsande.no.

Søk sommarjobb

Namn
Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

I residens

Elida Karo er i residens i Jakob Sande sin barndomsheim i Klokkargarden.

Forteljekunst i skule, arbeid og liv

I mars samla vi folk og miljø med forteljing som kjerne i si verksemd til Sandeseminaret. Høgt på agendaen stod eit eige programfag i skapande skriving og forteljekunst i vidaregåande skule.

God påske frå Jakob Sande-senter for forteljekunst

Med diktet “Salme” ønskjer vi ei god påske. Diktet vart fyrst publisert i diktsamlinga Storm frå vest i 1931. Salmen er ei bøn til Jesus, med referanse til skjærtorsdagsnatta i Getsemane og korsfestinga langfredag.