Fritt Ord støttar Jaja

Sandesenteret har fått støtte frå Fritt Ord til utgåva "Verda slik vi kjenner ho".

04.11.2025

Jakob Sande - senter for forteljekunst gir ut Tidsskriftet Jaja, eit tidsskrift om og med forteljekunst. 

I tildelingane for "Norsk journalistikk" i september 2025, fekk Sandesenteret 15 000 kr. i støtte til å lage den digitale utgåva Verda slik vi kjenner ho.

Kva kjenneteikner verda slik du kjenner ho? Kva vil du endre, og kva vil du ikkje miste? I denne digitale og fjerde utgåva av Jaja, inviterer vi bidragsytarar til å utforske temaet kjensla av å leve i ei verd i rask endring, gjennom tekstar og bidrag i ulike sjangrar. Les utgåva her.

Vi er takksame for støtta, som blant anna er brukt til ein artikkelserie om kulturelle fellesskap og brytningar i grenseområda til Noreg.

I 2025 har Sandesenteret også gitt ut Jaja på papir. Papirutgåva Ting som tause forteljarar kan du kjøpe i Gamle skulehuset kvar laurdag 11-14, i Nynorsk bokhandel i Oslo og hos Tekstallmenningen i Bergen. Her kan du bestille Jaja på nett. 

Tidsskriftet Jaja er også laga med støtte frå Kulturrådet, Sparebankstiftinga Fjaler og finansiert av Sandesenteret.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.