Frå diktsamlinga Guten og grenda (1945) finn vi denne vekas dikt, Det gamle tunet.
Det gamle tunet
Lunt inn for grindaleet
låg tunet i avstengd ro
bak bjørka og lindetreet,
tilårskomne båe to.
Dei torvtekte, gamle husa
stod timra til grunnen traust
og vinden i lauvet susa
i skifting frå vår til haust.
Hanen frå låvekloppa
si helsing mot dagen gol,
og katten på stovetroppa
låg blid og fornøgd og mol.
Det gløste so smått og glimta
frå gluggar i stall og fjos,
der dyra vi uklårt skimta
i skuggar og skymingsljos.
Bygd som ein skut låg stallen
med høyblanda hestelukt,
der Gamle-Per, kårmanns-kallen,
var den som heldt hus og tukt.
Det tusla og gnog i skuggen
frå kroken der båsen var,
og fram under hesteluggen
kom skimt av eit augnepar.
Djupt under fjostrev-trammen
der ingen fekk lov å gå,
låg dælda med mottingdammen
og blenkte med grønske på.
I sola det sud og æste
og bobla mot grøne flak,
der draken på botten kveste
og pusta med seige tak.
Vide gjekk undringsferda
blant alt som var nytt og rart,
og tunet var heile verda
som opna seg litt med kvart.
Med morgonfriskt sinn vi såg det
med framfarne år i pakt.
I ly under linda låg det,
og bjørka stod ved på vakt.
Jakob Sande, Guten og grenda 1945.
1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.
Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.