I residens

Mari Elise Haugen, Kjersti Wøien Håland og Sofia Knudsen Estifano er i residens i Jakob Sande-senteret. I løpet av opphaldet inviterer dei til ei arbeidsvising.

29.09.2025

Navasté er eit teaterstykke basert på Mari Elise Haugen sine opplevingar. Som tenåring vart Mari Elise diagnosert med den sjeldne sjukdommen Takayasus Arteritt. Sjukdommen er kronisk, ofte usynleg og gjort at ho har tatt medisinar med heftige biverknader. Med skråblikk, sårheit og humor viser Mari korleis det er å navigere oppvekst, NAV-systemet og andre sine forventingar til kva ein sjuk person bør gjere med livet sitt. Målet er at publikum skal bli opplyst, opprørt og oppløfta.

Mari Elise Haugen er skodespelar og det biografiske subjektet i framsyninga. Ho er med å utvikle manus og skal spele hovudrolla.

Sofia Knudsen Estifanos er skodespelar og kunstnarisk leiar i SPKRBX, som skal produsere framsyninga. Sofia er med å utvikle manus og spelar biroller.

Kjersti Wøien Håland er dramatikar. Ho er med på å utvikle og skrive manus.

Førre veke arbeidde trioen med tekstutvikling, medan dei denne veka testar teksten ut i praksis i dei gode lokala til PreForm i Samvirket.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.