Noreg treng eit sterkt senter for forteljekunst

Forteljing er sjølve kjernen i kven vi er – som individ og kultur. Gjennom forteljekunst finn vi måtar å forstå kvarandre og oss sjølve på. I Dale i Sunnfjord har Noreg fått sitt nasjonale senter for forteljekunst, ei naudsynt satsing i ei tid der fellesskap og menneskeleg nærvær er utfordra.

27.06.2025

Lærarstudentar frå HVL på akademi i høgtlesing og formidling i Jakob Sande-senter for forteljekunst.

Frå den gongen folk samla seg rundt leirbålet til vår digitale tidsalder, har forteljekunsten vore ein gjennomgripande del av liva våre. Forteljing er grunnleggande for alle menneske, sektorar og samfunn, og ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg. 

Difor var det på sin plass at Noreg i 2020 fekk sitt første nasjonale senter for forteljekunst. «Jakob Sande - senter for forteljekunst» har hovudsete i tunet der lyrikaren og forteljaren Jakob Sande vaks opp, og senteret byggjer på den rike vestlandske forteljetradisjonen. Senteret vart raskt etablert som eit sentrum for formidling av munnleg og skriftleg forteljekunst. 

Sandesenteret har auka kunnskapen om Sande og nynorsk språk, og skapt rom for eit mangfald av stemmer og forteljingar. Med residensordning for skapande og skrivande menneske, akademi i forteljekunst, produksjonar og kurs for barn og unge, tidsskriftet «Jaja», og ein stad for forteljeglede og leselyst, legg vi til rette for innsikt og opplevingar som styrker folk sine evner til å lytte og fortelje. 

Instituttleiar ved Goethe-Institut Martin Bach har løfta fram kor avgjerande senteret er: "I ei tid prega av “deep fake” og manipulasjon, blir personlege møte og vitnesbyrdet til eit menneske som er til stades stadig viktigare. Det handlar ikkje berre om å fortelje historier, men faktisk om å lytte – noko som kanskje er endå viktigare”.

 Senteret ligg i eit lokalsamfunn med lang tradisjon for innovasjon og kultur. Blant anna dreiv Nikka Vonen eit pigeinstitutt her frå 1869–1907. Ho var ein føregangsperson som bygde undervisninga på det levande ordet – trua på allsidig kunnskap og danning. Vonen var ein pioner innom kvinnefrigjering og danning, og ho var ein nøkkelperson i ein kulturell og innovativ gullalder. Arven etter henne er i dag ein del av forteljekunstsenteret. 

Ein kvar gullalder er prega av at folk kjem saman for å skape. Senter for forteljekunst har synt seg som ein fruktbar møteplass, som har munna ut i produksjonar, forteljingar og at nye stemmer finn sin plass. Til dømes bestemte Jeaninne Masika Harrysson seg for å gi ut si første diktsamling på nynorsk etter å ha vore i residens ved senteret. Sidan har ho og Shwan Wahed vore på turne med diktsamlinga Alt godt som enno ventar og eit kurs i forteljekunst som har nådd over 15 000 unge. 

Eit senter for forteljekunst må ha fagleg tyngde og varig organisering. SV og Venstre foreslår i sine alternative statsbudsjett for 2025 å auke den offentlege støtten til forteljekunstsenteret. Investeringar vil kome mange til gode og gje store ringverknader. No treng vi tydeleg politisk vilje som gjer det mogleg å realisere potensialet som eit nasjonalt kompetansesenter for munnleg og skriftleg forteljekunst.

Ei investering som kan knyte folk saman, uavhengig av alder, bakgrunn og interesser, og skape tilbod som gjer at alle som nyttar dei kan utvikle sine evner innan munnleg og skriftleg forteljekunst. Kulturminister Lubna Jaffery uttrykte under sitt besøk ved senteret at vi meir enn nokon gong treng stader der folk møter kvarandre fysisk for forteljing og dialog. Det let oss nemleg erfare det kunstig intelligens ikkje kan kopiere: At mennesket som står bak ei forteljing, er ein del av forteljinga. 

Gunnstein Akselberg, Liv Hege Skagestad, Tora Hope og Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Til lukke med arbeidarane sin internasjonale kampdag

1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.

Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

Vekas dikt: KLEPPE-MARET

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.