I dag er det verdas bokdag. Kvart år feirer UNESCO verdas bokdag for å anerkjenne krafta i bøkene og korleis den krafta kan byggje bru mellom generasjonar og på tvers av kulturar. Under Sandeseminaret 3.-4. april lanserte vi “Fjaler les”, der alle førskuleungar i Fjaler får ein bokpakke med nynorsk kvalitetslitteratur med oppmoding om lesande heimar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sandesenteret, Fjaler kommune, Samlaget og Fylkesbiblioteket.
Og difor lanserer vi "Fjaler les!" Alle skulestartarane i Fjaler får bokpakke frå Jakob Sande - senter for forteljekunst, i samarbeid med Fjaler kommune, Vestland fylkeskommune og Samlaget. Førskuleborna frå Yksnebjør barnehage kom til Sandeseminaret for å få overrakt sine bokpakkar. Foto: David Zadig
Under seminaret kom førskuleungane frå Yksnebjør barnehage til Løa i Klokkargarden for å motta dei første bokpakkane, og i løpet av mai månad skal alle skulestartarar i kommunen ha fått sin pakke. Sandeseminaret handla i år om krafta i å fortelje, lytte og lese, og samla folk frå kultur-, samfunns- og næringsliv til eit to dagers fagleg program i Fjaler. Seminaret følger mellom anna opp leselyststrategien Tid for lesing frå regjeringa, der det vert sett søkelys på dei dalande leseferdigheitene til barn og unge. “Fjaler les!” er ein pilot, som vi håpar å få til som eit fast tilbod.
I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.
Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.
På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.