Pedro er årets akademi-filosof

Pedro Vincent Dias Bergheim, stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen, er årets akademi-filosof under Forteljekunstakademiet i Fjaler 18. - 20. juni. Med ein solid bakgrunn innan filosofi frå Universitet i Frankrike, Brasil og Portugal, kombinert med erfaring som lektor i filosofi og fransk, er Bergheim ein sentral bidragsytar til årets program. Gjennom foredrag og filosofisk kafé vil Bergheim utforske spørsmål om danning, refleksjon og kva det betyr å finne ro i ei hektisk verd. Han bidreg òg med kunstnarisk innslag under Jonsokfeiringa fredag kveld.

15.05.2025

Pedro Vincent Dias Bergheim er årets akademi-filosof under Forteljekunstakademiet i Fjaler 18. - 20. juni. Pedro er stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen (UiB), tilknytt Institutt for pedagogikk. Han har ein Erasmus Mundus-mastergrad i filosofi frå Universitetet i Toulouse (Frankrike), Universitetet i São Carlos (Brasil) og Universitetet i Coimbra (Portugal). I tillegg er han utdanna lektor i filosofi og fransk.

Bergheim er også filosofisk praktikar og tilbyr individuelle samtalar og gruppedialogar på norsk, engelsk, portugisisk og fransk. Han er spesielt opptatt av samspelet mellom individet og omverda, og korleis dette påverkar personleg utvikling.

Under akademiet kan du møte Bergheim på fleire postar. 

Torsdag 19. juni kl. 09.00 held han ord for dagen om danning i dag. Omgrepet «danning» har eksistert i fleire hundre år og har stadig provosert fram nye og motstridande svar på kva det vil seie å vere eit fullkome menneske. Vi finn ideen om danning i kulturen og politikken verda over, inkludert her i Noreg, der både lovverket og læreplanen slår fast at den norske befolkninga skal dannast. Kva betyr eigentleg danning, og kvifor bryr vi oss? Bergheim vil utforske danningomgrepet si historie og korleis det bør forståast i dagens moderne demokrati. 

Under lunsjen fredag 20. juni kl. 13 vil han halde ein filosofisk kafè der han vil leie deltakarane gjennom temaet kontemplasjon. Kva kan vi vinne ved å gi oss sjølve tid til å tenkje? Og kva krevst eigentleg for å kunne filosofere i dagens samfunn, der alt går så fort? Når har ei ledig stund, går kan hende ikkje tankane til djupare refleksjon, men direkte til skjermen i handa. Å finne og skape tid til å filosofere handlar ikkje om å gjere ingenting, men om å skape eit rom der vi kan følgje tankane og reflektere over noko på ein grundig, roleg og ofte målretta måte.

Ein filosofisk kafé er ein møteplass der menneske samlast for å samtale om store og små spørsmål i livet. Konseptet vart utvikla i Paris i 1987 av filosofen Marc Sautet, som arrangerte dei første samlingane på Café des Phares. Målet var ikkje å komme fram til eit endeleg svar til ei problemstilling, men snarare å utforske tankar og idear i eit ope og inkluderande fellesskap. 

Ein filosofisk kafè er open for alle, uavhengig av bakgrunn eller erfaring. Samtalane blir leia av ein moderator som hjelp deltakarane halde fokus og gå i djupna på emnet. Emnet kan variere frå etiske dilemma til dagleglivets utfordringar, som deltakarane blri inviterte til å dele sine perspektiv på. Det handlar om å skape rom for refleksjon – ein stad der ein kan stoppe opp, tenkje grundigare og kan hende sjå verda frå nye vinklar.

Bergheim bidreg også med heilt andre kunstner under Jonsokfeiringa fredag kveld. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

13.
desember
11:00 – 14:00

Juleope i skulehuset

Utvida opningstider i skulehuset før jul, med sal av eigne produkt, litteratur og open kafé. Velkomen!

15.
desember
14:00 – 20:00

Juleope i skulehuset

Utvida opningstider i skulehuset før jul, med sal av eigne produkt, litteratur og open kafé. Velkomen!

16.
desember
14:00 – 20:00

Juleope i skulehuset

Utvida opningstider i skulehuset før jul, med sal av eigne produkt, litteratur og open kafé. Velkomen!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Adventskalender i Jakob Sande-senter for forteljekunst

Kvar dag i advent deler vi eit sitat henta frå Sande si dikting. Kan hende veit du kva for dikt sitatet er henta frå? Første luke opna vi på fødedagen til Jakob, 1. desember.

Mange små og store på Diktardagen

Både born, ungdom og vaksne kom for å feire Diktardagen og oppleve førjula hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Lytt til Klartekst om Jaja og Jakob Sande

Redaktør for Tidsskriftet Jaja og fagutviklar ved Jakob Sande - senter for forteljekunst Tora Hope er gjest i podkasten Klartekst.