Drøymer du om eit opphald i residensen i Jakob Sande-senteret? Fristen er no!

Søknadsfrist for opphald i 2026 er 1. november 2025.

27.10.2025

Er du forfattar, omsetjar, diktar, kritikar, forskar, forteljar eller ønskjer utvikle din skapande praksis? Då kan du søkje opphald i diktarresidensen og bu i barndomsheimen til Jakob Sande i inntil to månader. Du kan søkje om opphald åleine eller saman med ei gruppe. 

Dale er ein triveleg tettstad i ei levande bygd med eit utprega kreativt og skapande miljø. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå folk som har hatt opphald her. Dei trivst godt!

Ei eiga stove og ein skriveplass, kjøken, bad, to soverom og vaskerom står til fri disposisjon. Du betalar ikkje leige, men vi ønskjer ein arbeidspresentasjon og ope hus ved slutten av opphaldet.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

1,5 ekstra million til Jakob Sande – senter for forteljekunst på Statsbudsjettet!

I budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt ligg 1,5 millionar ekstra til Sandesenteret, og satsingar på fleire viktige kulturinstitusjonar.

Ivar Nygaard er i residens

Forteljar, kulturhistorikar og biletkunstnar i residens i Jakob Sande-tunet.

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.