Kvar veke deler vi eit dikt av Jakob Sande. Følg med og bli enno betre kjend med den folkekjære diktaren frå Fjaler. Bondesalme er eit dikt frå debutsamlinga til Jakob Sande frå 1929. Ein hyllest til bonden.
Foto frå Igeltjøn, henta frå Marcussamlingen UiB.
BONDESALME
Heilagt, heilagt og høgt er ditt yrkje,
du bonde bøygd over svartan jord!
Du er prest i Guds store, heilage kyrkje,
du tolkar det einaste evige ord!
Den klang av spaden mot stein og røter,
er lovsong mot heimsens Gud,
og kufta grå med dei slitne bøter,
eit strålande presteskrud.
Bøyg deg, bonde, mot moldi svarte,
då bøygjer du kne for Gud Herren stor!
Og dyrkar du honom med sjel og hjarte,
so dyrkar du hugheilt hans fagre jord.
Då skal hans signing til siste tider
deg fylgja frå ætt til ætt,
og kraft han senda til fram du strider
dei mål han for deg har sett!
Svarte næter, 1929.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.