Sandeseminaret er ein del av vårt arbeid for å bygge eit nasjonalt fagmiljø innom munnleg og skriftleg forteljekunst.
Jakob Sandes barndomsheim er og har lenge vore ein stad der menneske samlar seg for å lytte, lese, skrive og fortelje. Under Sandeseminaret held vi tradisjonen i hevd. Foto: David Zadig.
Jakob Sande - senter for forteljekunst arbeider fram eit nasjonalt fagmiljø for munnnleg og skriftleg forteljekunst.
I tillegg til å forvalte arven etter Sande, er vårt føremål å få fram nye forteljingar og røyster og skape samarbeid mellom folk og miljø som har forteljing som kjerne i verksemda si.
Dette gjer vi blant anna gjennom Sandeseminaret, der vi samlar nærskylde miljø til idemyldring og fagleg utvikling.
På Sandeseminaret deltok folk som på ulike måtar arbeider med lesing, forteljing og lytting til to dagar med program, erfaringsutveksling og opplevingar i tunet.
Litteraturformidlarar, forfattarar, poetar, musikarar, bibliotekarar, lærarar, integreringskonsulentar, dramatikarar, munnlege forteljarar, kulturformidlarar, førskuleborn, elevar i ungdomsskule, vidaregåande, og elevar frå vaksenopplæringa, frilansarar, politikarar, akademikarar, kulturarbeidarar og teaterfolk - blant andre - var blant deltakarane.
Fotograf David Zadig fanga mange fine augeblikk frå dei innhaldsrike vårdagane.
Shwan Wahed og Jeaninne Masika Harrysson opna Sandeseminaret med eit kunstnarisk innslag der deltakarane hadde ei oppgåve: Å lytte. Foto: David Zadig
Guro K. Gjøsdal frå Nynorsksenteret snakka om krafta i å lese saman i skulen. Foto: David Zadig
Gjøsdal forklarte og modellerte metoden "shared reading" (samlesing). Lærarar frå Dingemoen skule, Dale vgs og Vaksenopplæringa i Fjaler deltok også under økta. Foto: David Zadig
Kulturskulerektor i Fjaler, Hyllestad og Askvoll Mats Systaddal jobbar for å etablere eit fordjupingsfag for ungdommar som vil skrive musikktekstar. Han hausta erfaringar frå deltakarane om korleis få ungdom i gong med å skrive. Foto: David Zadig
Gruppearbeid, her med Guro Gjøsdal frå Nynorsksenteret, Sturle Sandvik frå Dingemoen skule og Arild Skarsem frå Nordisk kunstnarsenter.
Tora Hope frå Jakob Sande - senter for forteljekunst, Lina Undrum Mariussen frå Leser søker bok, Anne Arnesen Mørch frå Tekstallianse og Eli Fossdal Vaage i gruppearbeid. Foto: David Zadig
Sandeseminaret vart kombinert med strategisamling for styret i Jakob Sande-senteret, med blant andre styreleiar i Jakob Sande-selskapet Trude Felde. Foto: David Zadig
Sivert N. Nesbø, akademileiar ved Skrivekunstakademiet haldt innlegget "Det berre litteraturen kan gjere". Foto: David Zadig
Kulturhistorikar Alexander Rauboti frå Musea i Sogn og Fjordane fortalte om den rike forteljetradisjonen i området, der ikkje minst Nikka Vonen er ein sentral figur. Foto: David Zadig
Kulturhistorisk vandring til Nikka Vonens pigeskole på Steia Gard og i Klokkargarden, barndomsheimen til Jakob Sande. Her fortel dagleg leiar i Sandesenteret Rakel C.W. Solheim om korleis Jakob Sande var ein meister i å lytte og fortelje. Foto: David Zadig
Strandakokken stod for måltida. Foto: David Zadig
Arenaansvarleg i Jakob Sande - senter for forteljekunst Margrete Reisæter arbeider i kulissane med måltid, rigging, og å lage den særskilte stemninga i husa i tunet. Foto: David Zadig
Dagleg leiar i Tekstallianse Anne Arnesen Mørch legg siste hand på verket før kveldsprogrammet i Løa, der Tekstallianse arrangerte Nynorsk framsnakk. Nynorsk framsnakk er tredje utgåve av Tekstallianse sin serie med bokråd for tidsskrift og småforlag, som skal lyfte fram skattar frå det store mangfaldet av utgjevingar frå uavhengige forlag og tidsskrift som kjem kvart år. Foto: David Zadig.
Sondre Strand - Strandakokken - stod for deilig mat. Foto: David Zadig
Harald Jarstad er gartnar i Klokkargarden og under Sandeseminaret bidrog han til måltid og stemning. Foto: David Zadig
Torsdag kveld opna Tekstallianse ved Anne Arnesen Mørch kveldsprogrammet med Nynorsk framsnakk. Tekstallianse hadde fått med seg tre drevne lesarar til å løfte fram nye nynorske publikasjonar som fortener merksemd. Foto: David Zadig
Først ut var forfattar, omsetjar og leiar ved Skrivekunstakademiet Sivert Nesbø, som blant anna løfta fram Tormod Haugland og romanen Sirenene. Foto: David Zadig
Forfattar Eli Fossdal Vaage løfta blant anna fram Her kjem sola av Gunhild Øyehaug i Nynorsk framsnakk. Foto: David Zadig.
Maria Pile Svåsand frå Bokbåten Epos var ein av framsnakkarane i Tekstallianses Nynorsk framsnakk. Maria framsnakka blant anna Syn og segn og Jakob Sande - senter for forteljekunst sitt eige Tidsskriftet Jaja. Foto: David Zadig
Kva les ungdom? På Forteljekveld i Løa fekk vi høyre frå ungdommen sjølv og frå SKALD, som opplever at mange ungdommar les forlagets klassikarserie. I kveldspraten deltok f.v. Ernst Roxenholt frå United World College, Simone Stibbe frå SKALD forlag og Aven Ridgewell frå UWC. Samtalen var kyndig leia av Heidi Bøhagen frå Den norske bokbyen. Foto: David Zadig
Kåre Sandvik, Sturle Sandvik og Lone Indrebø Lægreid tolkar «Etter ein rangel» av Jakob Sande på forteljekveld i Løa. Foto: David Zadig
Lone Indrebø Lægreid og Kåre Sandvik spelte tonesette Jakob Sande-dikt på forteljekveld i Løa. Foto: David Zadig
Språkprofessor Gunnstein Akselberg opna fredagen med ord for dagen om apologetar og ein klassisk litterær kanon. Foto: David Zadig
Musikar Arle Hjelmeland haldt skriveverkstad for ungdommar frå Dingemoen skule. Foto: David Zadig
Shwan Wahed leier deltakarane inn i korleis han og Jeaninne Masika Harrysson jobbar med forteljekunst til ungdom. Foto: David Zadig
Deltakarane fekk sjå eit lite utdrag av DKS-forestillinga "Vi er alle på veg heim", som Jeaninne Masika Harrysson og Shwan Wahed har turnert landets skular med. Foto: David Zadig
Liv Hege Skagestad leia panelsamtalen "Vi er alle på veg heim”. Ein samtale om forteljekunst for 10 000 ungdom, med Jeaninne Masika Harrysson, Shwan Wahed og Guro K. Gjøsdal. Foto: David Zadig
Deltakarane får ein smakebit på DKS-forestillinga "Vi er alle på veg heim", som Jeanninne Harryson og Shwan Wahed har turnert landets skular med. Her skriv Guro Gjøsdal frå Nynorsksenteret og Heidi Bøhagen frå Den norske bokbyen. Foto: David Zadig
F.v. Iryna Bivinis, E.V. Crowe, Jefta Bajinya og Madina Darwazi haldt workshopen "Re-considering the adult learner of Nynorsk as an artist of new work", leia av Crowe, med Bivinis, Bajinya og Darwazi som medfasilitørar. Foto: David Zadig
Dramatikar og manusforfattar E.V. Crowe leia økta, der vi fekk eit innblikk i metodar for å bygge stemme og ta kreativt eigarskap til språket. Foto: David Zadig
Trine Skei Grande og Gunhild Berge Stang frå Venstre spela begge viktige roller i etableringa av Jakob Sande - senter for forteljekunst i 2020. Under Sandeseminaret var dei tilbake, denne gongen for å setje fokus på den avgjerande rolla lesing speler for demokratiet. Foto: David Zadig
Lesing myndiggjer menneske, sa direktør i Forleggerforeningen Trine Skei Grande, som streka under kor viktig leseferdigheiter er for eit fungerande demokrati. Foto: David Zadig
Litteraturformidlar og kritikar Janne Karin Støylen heldt foredraget "Gje våre barn lesande heimar. Refleksjonar etter ei reise i barnebokformidlinga sine stader og historie". Det er vi heilt einige i.. Foto: David Zadig
Og difor lanserer vi "Fjaler les!" Alle skulestartarane i Fjaler får bokpakke frå Jakob Sande - senter for forteljekunst, i samarbeid med Fjaler kommune, Vestland fylkeskommune og Samlaget. Førskuleborna frå Yksnebjør barnehage kom til Sandeseminaret for å få overrakt sine bokpakkar. Foto: David Zadig
Ordførar Leif Jarle Espedal fekk æra av å dele ut bokpakken Fjaler les! til føreskuleborna. Foto: David Zadig
Krysspunkt er eit digitalt leselystprosjekt for elevar på ungdomsskule og vidaregåande, men som kan passe for mange ulike målgrupper. Lina Undrum Mariussen frå Leser søker bok fortalde om prosjektet, som tek utgangspunkt i den tospråklege diktserien Parallell og opnar for å utforske poesi og aktuelle hendingar og konfliktar. Foto: David Zadig
Rundebordssamtale. Foto: David Zadig
Vi avslutta Sandeseminaret med ein rundebordssamtale om krafta i å fortelje, lytte og lese. Foto: David Zadig
I dag er det verdas bokdag. Kvart år feirer UNESCO verdas bokdag for å anerkjenne krafta i bøkene og korleis den krafta kan byggje bru mellom generasjonar og på tvers av kulturar. Under Sandeseminaret 3.-4. april lanserte vi “Fjaler les”, der alle førskuleungar i Fjaler får ein bokpakke med nynorsk kvalitetslitteratur med oppmoding om lesande heimar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sandesenteret, Fjaler kommune, Samlaget og Fylkesbiblioteket.
I august debuterer Jaja som fysisk tidsskrift. Du kan førehandstinge utgåva allereie no.
Vil du ha ein kreativ sommarjobb i eit unikt kulturmiljø? Vi ser etter deg mellom 17-26 år som vil prøve deg som vert og formidlar, ynskjer å bli betre kjend med diktaren Jakob Sande, og som kan løyse praktiske oppgåver. Søk sommarjobb hos oss i Jakob Sande - senter for forteljekunst!