Jakob Sande - senter for forteljekunst 5 år

Sandesenteret feirar fem år som Noregs første forteljekunstsenter under Fest i Fjaler 08.-10. august. Sidan opninga i 2020 har senteret etablert seg som ein sentral aktør innan forteljekunst og nynorsk kulturformidling. Under Fest i Fjaler markerer vi jubileet med eit variert program som spenner frå prisutdeling og tidsskriftlansering til samtalar, urframføringar, musikk, dans og forteljingar. Bli med på feiringa!

19.05.2025

Frå opningshelga av Jakob Sande - senter for forteljekunst i 2020. Foto av David Zadig.

Sidan opninga i 2020 har Sandesenteret bygd opp ei vesentleg verksemd og fått stor merksemd og blitt eit vitalt senter for forteljekunst. Etableringa er resultat av Jakob Sande-selskapet sitt mangeårige arbeid, eit forprosjekt frå 2019 og uttalte ambisjonar frå lokale, regionale og nasjonale politikarar. Ein liten og profesjonell administrasjon har bygd opp senteret med støtte frå Kulturdepartementet, Vestland fylke, Fjaler kommune og private stiftingar. 

Dei første etableringsåra har vi gjennom akademi, residensordning, produksjonar og utstillingar, arrangement, kurs, seminar fått auka merksemda og kunnskapen om Sande, nynorsk språk og forteljekunsten. Vi har etablert faglege nettverk og byggjer eit fagmiljø innom munnleg og skriftleg forteljekunst, samt gir rom og støtte til utvikling av eit mangfald av stemmer og forteljingar. 

Sandesenteret har hatt stor verksemd og nådd mange tusen menneske med sine tilbod og gjort nasjonal og internasjonal interesse og behov for eit slikt senter synleg. Vi har gradvis utvida areala og verksemda ved å ta i bruk og rehabilitere eksisterande bygningsmasse og kulturmiljøet. Vi er takksame for å få drive fram eit arbeid som kjennest meiningsfullt og viktig, og gler oss til å vidareutvikle senteret og skape varige røter i eit kulturmiljø som stadig har plass for skaping, utvikling og fellesskap. 

På programmet står det utdeling av samlagsprisen, lansering av Sandesenteret sitt tidsskrift,  Tidsskriftet Jaja, si fysiske utgåve, samtalar, føredrag, musikk og dans, barneprogram. urframføringar og forteljing. 

Bli med på feiringa!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Aftenlandet kjem til Fest i Fjaler

Aftenlandet kjem til Fest i Fjaler laurdag 15. august med melodisk visepop, nynorske tekstar av Jakob Sande og kjende låtar som «Du», «Hymne» og «Morgon i mai».

Vekas dikt: Stubb

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas dikt er "Stubb".

Aina Basso held det første Sandeføredraget

I 2026 er det 120 år sidan Jakob Sande var fødd. I høve jubileet skipar vi ein ny tradisjon, og inviterer ein framifrå formidlar til å halde det første Sandeføredraget.