Engasjerte førskuleungar på besøk i tunet

Dagen etter vi markerte Nynorskdagen, kom førskuleungane frå Våge - og Flekke barnehage til Sande-tunet for å motta sine bokpakkar. Under Sandeseminaret 3.-4. april lanserte vi “Fjaler les”, der alle førskuleungar i Fjaler får ein bokpakke med nynorsk kvalitetslitteratur med oppmoding om lesande heimar. Gjennom forteljing, høgtlesing, teikning og ei lita omvising fekk førskuleungane bli litt betre kjend med Sandesenteret, og vi litt betre kjende med dei.

13.05.2025

Polina, som er i språkpraksis i Sandesenteret, las høgt for førskuleungane i Gamle skulehuset.

Lita hand med sin første bokpakke.

Initiativet med bokpakkane følger mellom anna opp leselyststrategien Tid for lesing frå regjeringa, der det vert sett søkelys på dei dalande leseferdigheitene til barn og unge. “Fjaler les!” er ein pilot, som vi håpar å få til som eit fast tilbod. 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sandesenteret, Fjaler kommune, Samlaget og Fylkesbiblioteket.

Arenaansvarleg, Margrete, viste rundt i Bestefarstaua og i tunet. Her viser ho bilete av Jakob då han var på same alder som dei.

Jakob og Neikop og alle dei andre las Rakel og Polina, og etterpå fekk ungane teikne seg sjølv i eigne eksemplar av boka.

På gjensyn!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.