Nynorskstipendet

Nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune er på 150 000 kroner og blir delt ut for første gong i 2025. Fristen for å nominere kandidatar er 15. september.

19.08.2025

Av Tom A. Kolstad/Samlaget.

Stipendet skal gå til ein kunstnar som nyttar nynorsk i arbeidet sitt som forfattar, dramatikar eller formidlar. Det skal vere med og syne fram nynorsk som språk og som kulturberar, og det skal delast ut årleg. 

Bakgrunnen for nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune var tildelinga av Nobels litteraturpris for 2023 til Jon Fosse. Som heimfylket til Fosse ønskte Vestland å heidre forfattaren og gjer det no i form av dette stipendet. 

Kven kan få stipendet? 

Nynorskstipendet blir lyst ut nasjonalt, men den som får det må ha tilknyting til Vestland gjennom arbeidet eller kunsten sin. Stipendet kan gå til forfattarar, dramatikarar og formidlarar av nynorsk litteratur og forfattarskap i tekst og på scene. 

Kven kan nominere kandidatar til stipendet? 

Alle kan nominere kandidatar til stipendet. Det er også høve til å nominere seg sjølv. 

Du melder inn nominasjonen/-ane dine i det digitale skjemaet du finn lenke til på denne sida 

Nominasjonsfrist 

1. september 2025.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.